Strong Peak er eit lite, skarpt fjell på enden av ryggen frå Enterprise Hills, som ligg 6 km vest-sørvest for Parrish Peak og oppom toppen av Horseshoe Valley i Heritage Range. Det vart kartlagd av United States Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto teken av U.S. Navy i 1961-66. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Jack E. Strong, ein biolog i United States Antarctic Research Program (USARP) ved Palmer-stasjonen i 1965.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Strong Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).