Strezjevoj (russisk Стрежево́й) er ein by i Tomsk oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Ob, rundt 650 km nordvest for Tomsk.
Strezjevoj vart grunnlagd i 1966 som ein busetnad nær landsbyen Strezjevaja. Han fekk bystatus i 1978. OAO Tomskneft, eit Tomsk-basert oljeselskap kontrollert av Rosneft, er lokalisert i Strezjevoj og byen voks opp rundt dei aukande behova til selskapet. Mesteparten av bustadane i byen og alle dei viktigaste offentlege tilboda – skular, sjukehus, lufthamn, hotell – vart bygt opp rundt behovet til selskapet på 1960- og 1970-talet.