Seversk (russisk Се́верск) er ein lukka by i Tomsk oblast i Russland med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg femten kilometer nordvest for Tomsk på høgre sida av elva Tom.
Byen vart grunnlagt i 1949 som Pjatyj Potsjtovyj (russisk: Пя́тый Почто́вый). Frå 1954 til 1992 hadde han namnet Tomsk-7 (russisk Томск-7). Seversk fekk bystatus i 1956.
Seversk er heimstad for Den sibirske gruppa av kjemiske bedrifter, grunnlagt i 1954. Han omfattar fleire atomreaktorar og kjemiske fabrikkar for utskiljing, anrikning og gjenvinning av uran og plutonium. Atomvåpen vart produsert og lagra på bedriftene sine område.
Byen var ein hemmeleg by i Sovjetunionen heilt til president Boris Jeltsin i 1992 erklærte at slike byar kunne bruke sine historiske namn. Fram til då eksisterte ikkje byen på offisielle kart. Som tradisjonen var med sovjetiske byar som inneheldt hemmelege anlegg, så var Tomsk-7 i realiteten eit postboksnummer og impliserte dermed at staden låg ein viss avstand frå byen Tomsk.
Trass i dekretet som fjerna Seversks hemmelege status, så er byen framleis lukka for utanforståande. Løyve til å vitja byen kan ein berre få av dei aktuelle styresmaktene, gjennom institusjonane som skal vitjast, eller via privatpersonar som til dømes ein nær slektning.