Stortjørna er ein innsjø like søraust for Showa Flat heilt aust på Ongul. Han vart kartlagt frå landmålingar og flyfoto tekne under Den japanske antarktisekspedisjonen (JARE), 1957-1962 og namngjeve «O-ike» fordi han er den største innsjøen på øya. Det norske namnet er ei omsetjing.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lake O-ike» (innhald frå Geographic Names Information System).