Stortingets forretningsordenStortingets forretningsorden er eit reglement (forretningsorden) for Stortinget sitt arbeid. Forretningsordenen har grunnlag i Grunnlova § 66 som seier at «Efter den der vedtagne Orden er Enhver pligtig at rette sig». Det er Stortinget sjølv som vedtar forretningsordenen. Stortingets forretningsorden er det sentrale dokumentet som regulerer alle sider ved Stortinget sitt arbeid. Stortingets forretningsorden blir evaluert og endra med ujamne mellomrom, etter som tida og behova endrar seg. Kapitla i Stortingets forretningsordenStortingets forretningsorden består no av 11 kapittel. I tillegg er her eit reglement for opne kontrollhøyringar.
Om komiteane og arbeidsordningaStortingsordenen fastset mellom anna kva for saker som skal handsamast i kva for ein stortingskomité. Energi- og miljøkomitéen skal til dømes handsame saker som gjeld olje, energi, vassdrag, miljøvern og regional planlegging. Finanskomitén skal mellom anna handsame saker om økonomisk politikk, penge- og kredittpolitikk, finans- og kredittvesen og skattar og avgifter til statskassa. Om Stortinget sine oppgåver etter Grunnlova § 75Handsaminga av statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet følgjer reglar i forretningsordenen og i Stortingets løyvingsreglement. Bakgrunnsstoff
|