Songs for Beginners er det første studioalbumet til Graham Nash, utgjeve i mai 1971. Det var eit av fire høgprofilerte album som kvar av medlemmane i Crosby, Stills, Nash & Young gav ut etter Déjà Vu i 1970. Albumet til Nash nådde 15. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista og singelen «Chicago» klatra til 35. plassen på Billboard Hot 100. Albumet har seld til gullplate i USA.[3]
Historie
Nash fekk med seg ei imponerande gruppe gjesteartistar på innspelinga, inkludert David Crosby, Jerry Garcia, Phil Lesh, Dave Mason, David Lindley, Rita Coolidge og Neil Young (under pseudonymet Joe Yankee). Albumet vart laga like etter det vart slutt med kjærasten Joni Mitchell. Mange av songane handlar om tida deira i lag. Songane bestod av det Nash vart kjend for: ei god kjensle for popsongar, kjenslemessig open og ærleg og ivrig politisk aktivisme. Hitten «Chicago» omhandla både nasjonalkonventet til Demokratane i 1968 og rettssaka for Chicago Eight, og uttrykte raseriet Nash kjende i samband med denne saka.
Albumet kom først på CD seint i 1980-åra og kom ut på ny i 2011. Ein nymiksa versjon som Nash hadde oppsyn med kom ut på 180-grams vinyl på Classic Records i 2001, men er ikkje lenger i sal. Ei luksusutgåve av 'Songs for Beginners kom ut 23. september 2008 med både CD og DVD-Audio og fleirkanals høgoppløyseleg lyd, eit nytt intervju med Nash frå 2008, eit fotogalleri og tekstar.[4]
Songen «Simple Man» vart nytta i dei første scenane av Adam Sandler- og Don Cheadle-filmen Reign Over Me i 2007. Den same songen vart òg nytta i finalen av sesong to av HBO-serien Looking. I 2018 vart songen «Better Days» nytta under rulleteksten i episode sju av miniserien «Escape from Dannemora».[5]
Innhald
Alle spor skrivne av Graham Nash, utanom der andre er nemnde
Graham Nash — vokal; gitar alle spor utanom «Better Days» og «Simple Man»; piano på «Better Days», «Simple Man», «Chicago» og «We Can Change the World»; orgel på «Better Days», «There's Only One», «Chicago» og «We Can Change the World»; papir og kam på «Sleep Song»; tamburin på «Chicago» og «We Can Change the World»
Rita Coolidge — piano på «Be Yourself» og «There's Only One»; elektrisk piano på «Be Yourself»; korvokal på «Military Madness», «Better Days», «Simple Man», «There's Only One», «Chicago» og «We Can Change the World»
Johnny Barbata — trommer på «Military Madness», «I Used to Be a King», «Be Yourself», «Man in the Mirror», «There's Only One», «Chicago» og «We Can Change the World»; tamburin på «Chicago»