Smalmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. sphagnicola) er ein plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Systematikk
Smalmarihand blir rekna til kongsmarihand-gruppa D. majalis, og har status som underart.[2] Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantane engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[3]
Tidlegare var det vanleg å operere med tre artar i Noreg, smalmarihand (som då blei kalla D. traunsteineri), sumpmarihand (D. sphagnicola) og lappmarihand (D. lapponica). Ein har no gitt smalmarihand underartsepitetet (ssp. sphagnicola) og går ut frå at D. traunsteineri er ein reint mellomeuropeisk type som ikkje veks i Noreg og som blir rekna inn under lappmarihand (ssp. lapponica).[4]
Ein annan underart av kongsmarihand i Noreg er purpurmarihand (ssp. purpurella). I Sør-Sverige og Danmark veks nominatunderarten (ssp. majalis) og fleire.
Skildring
Planten er kring 20–40 cm.[5] Han har tynn, hol stengel og lange, smale blad, som regel med flekkete overside. Blomane er purpurraude med mørke teikningar, og sit i fåblomstra aks. Dei er nokså store og har ei leppe med tre flikar, der midtfliken er litt lenger enn sideflikane.[5]
Utbreiing
Smalmarihand veks i kalkrike våtmarksområde. I Noreg er han i hovudsak påvist på Austlandet og Sørlandet.[6] Han er rekna som sårbar på grunn av ein fortsetjande tilbakegang og fordi leveområda hans har vore og framleis er utsette for inngrep. I Norsk raudliste for artar (2021) er underarten vurdert som sårbar (VU).[7]
Underarten finst òg i Sverige (LC, svensk namn mossnycklar),[8] i Danmark (sjælden, dansk namn mos-gøgeurt)[9] og i Finland (DD, datamangel, finsk namn luhtakämmekkä), der han er rekna som eigen art Dactylorhiza sphagnicola.[10]
I Benelux er smalmarihand rekna som ein eigen art (nederlandsk namn veenorchis, fransk namn orchis des sphaignes). Han er svært sjeldan sør i Nederland og aust i Flandern i Belgia. I Vallonia veks han spreidd i Ardennane.[11][12] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd),[13] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[14][15] Arten finst ikkje i Luxembourg.
Hybridar
Hybridar mellom smalmarihand og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. sphagnicola) er registrert på det sørlege Austlandet i Noreg[16] og i Sverige.[17]
Hybridar med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. sphagnicola) er funne spreidde stader på Austlandet i Noreg.[16] På Austlandet og sørvest til Vest-Agder er det funne hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. sphagnicola eller Dactylorhiza ×senayi nothossp. wiefelspuetziana),[18][16] som òg er funne spreidd i Sverige[19] og i Danmark,[20] med eit einskild funn i Nederland.[21]
Hybridar med stormarihand er registrert i Nederland (der kalla Dactylorhiza praetermissa × sphagnicola).[22]
Referansar
Bakgrunnsstoff