Slump Mountain er ein fjelltopp 0,7 nautiske mil (1,3 km) sørvest for University Peak, med ei høgd opp mot 2195 moh mellom toppen av University Valley og Farnell Valley i Quartermain Mountains i Victoria Land. Det fekk dette namnet av New Zealand Antarctic Place-Names Committee (NZ-APC) etter det geologisk arbeidet til C.T. McElroy, G. Rose og K.J. Whitby i 1980-81. I fjellsida finst det store skålrasstrukturar (slump på engelsk) i metschel-tillitt-sonen.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Slump Mountain» (innhald frå Geographic Names Information System).