Sjernarøyane er ei øygruppe i Stavanger kommune i Ryfylke i Rogaland fylke. Det er fast busetnad på Bjergøyna, Kyrkjøyna, Audbø, Tjul, Nord-Talgje, Helgøy og Nord-Hidle. Øygruppa utgjer vestre delen av Sjernarøy sokn, som tidlegare òg har vore ein eigen kommune.