Nord-Talgje er ei øy i Stavanger kommune i Rogaland fylke. I 2004 vart store delar av øya erklært som eit naturreservat av Miljøverndepartementet, Nord-Talgje naturreservat. Nord-Talgje er ei av Sjernarøyane, og var fram til 1965 ein del av Sjernarøy kommune. Det vert arbeidd med planar for bygging av ny fylkesveg og bru mellom øyane Nord-Talgje, Tjul og Kyrkjøy.
Ei anna øy i Finnøy kommune heiter Talgje. For å skilja øya frå Nord-Talgje vert øya nokre gonger kalla Sør-Talgje, sidan ho ligg sør for Nord-Talgje.
Bakgrunnsstoff