Kyrkjøyna (òg Kyrkjøyni eller Kyrkjøy) er ei øy i Ryfylke. Kyrkjøy er ei av Sjernarøyane, som høyrer til Stavanger kommune i Rogaland fylke. Kyrkjøyna og Bjergøyna er de to største øyane i øygruppa, som inntil 1965 var ein eigen kommune, Sjernarøy. Sjernarøy kyrkje, ei langkyrkje bygd i 1647, ligg på Kyrkjøyna.
Forfattarbrørne Alfred og Kolbjørn Hauge voks opp på Kyrkjøyna.