Ein nabi (pl. anbiyyā) er ein generell profet. Menneske som blir rekna mellom dei største nabiane i islam inkluderer Ibrahim (Abraham), Musa (Moses), Isa ibn Maryam (Jesus) og Nuh (Noah).
Ein rasul (pl. rusul el. mursalín) er høgare grad av profet, eller ‘Alláh sin Bodberar’. Den største rasulen i islam, og dermed den største av dei fem største nabiane i islam, er Muhammed.
Historie
Ei av dei tidlegaste omsetjingane av shahádahen til eit anna språk er ei gresk omsetjing frå styrestida åt al-Walid I (86–96 AH, 705–715 evt.): Ouk estin theos ei mē ho theos monos, Maamet apostolos theou.[1] (Ordrett: 'Det finst ingen gud utanom den eine Gud, Muḥammad er Guds bodberar.')
Når ein ikkje-muslim seier sjahádahen med ærleg intensjon føre to muslimske vitne, blir dette rekna som ei offentleg og gyldig erklæring av konvertering til islam.