Mihrab (persisk مهراب or محراب, arabiskألمحراب pl. محاريب, nokre gonger mehrab eller mehraab) er ei nisje i ein moskévegg som syner qibla, det vil seie bøneretninga mot Kaba.
Veggen rundt blir kalla qibla-veggen, og mihraben gjev inntrykk av å vere ei dør eller ein opning mot Mekka. Størrelsen kan variere, men han er vanlegvis dekorert med ornament. Ved sida av mihraben står det ofte ein minbar, eller preikestol.
Mihrabar vart introdusert under Umayyade-kalifenal-Walid I (705–715). Tidlegare hadde ein brukt skilt for å visa qibla.