Silver Box er ein plateboks på fem CD-plater av det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut 18. oktober 2004. Boksen inneheld albumet Our Secrets Are the Same (som plate 5), som skulle ha blitt det tolvte studioalbuemt deira i 1999-2000.
Oversyn
Silver Box består hovudsakleg av demoar, radio- og TV-framføringar og forskjellige konsertopptak frå 1979 til 1995, i tillegg til det tolvte studioalbumet deira, Our Secrets Are the Same, som vart spelt inn i april og juni 1999. Det var planlagt gjeve ut tidleg i 2000 som eit sjølvstendig album, men vart forseinka mange gonger og til slutt skrinlagd, før det omsider kom ut i denne plateboksen.
Innhald
Silver Box (november 2004 Virgin Records)
Plate 1
Nr.
Tittel
Lengd
1.
«Life in a Day» (Konsertopptak, London for BBC in Concert Series, 8. september 1979)
2.
«Chelsea Girl» (Konsertopptak, London for 'BBC in Concert' Series, 8. september 1979)
3.
«Here Comes the Fool» (Konsertopptak, London for 'BBC in Concert' Series, 8. september 1979)
4.
«Changeling» (Studioinnspeling i Maida Vale Studios, London, 19. desember 1979)
5.
«Premonition» (Innspelt i Maida Vale Studios, London, 19. desember 1979)
6.
«Citizen (Dance of Youth)» (Innspelt i Maida Vale Studios, London, 19. desember 1979)
7.
«Room» (Innspelt i Maida Vale Studios, London, 19. desember 1979)