Sha'ar HaGai (hebraisk שער הגיא eller באב אל-ואד) eller Bab al-Wad (arabisk باب الواد eller باب الوادي),er eit punkt langs Tel Aviv-Jerusalem-vegen, 23 km frå Jerusalem, der vegen byrjar å stige inn i ei kløft, som på arabisk heiter Wadi Ali.
Frå midten av mai 1948 og framover vart fortet i Latrun, berre 2 km vest for Bab al-Wad, halden av den særs effektive og britisk-trente arabiske legionen frå Jordan. Palmach 10. brigade, kommandert av obserstløytant Yitzhak Rabin, den framtidige statsministeren i Israel, klarte å erobre Bab al-Wad på eiga hand, men vegen vest for punktet vart kontrollert frå Latrun, og vart verande under jordansk kontroll fram til 1967, og stengde dermed av hovudfartsåra inn til Jerusalem. For å kome seg rundt denne arabiskkontrollerte flaskehalsen, bygde israelarane den såkalla «Burmavegen», oppkalla etter den kjende vegen inn i Kina under andre verdskrigen. Denne særs bratte omvegen vart nytta under krigen, og erstatta etter berre seks månader av ein lengre, men tryggare veg. Etter seksdagarskrigen, då Latrun-området vart erobra av Israel, vart Tel Aviv–Jerusalem-vegen igjen den kortaste vegen forbi Latrun og Sha'ar HaGai. I dag er vegen her ein firefelts hovudveg som er planlagt utvida på grunn av stadig aukande trafikk.