Sgula (hebraisk skrift סְגֻלָּה, סגולה), òg Segula, er ein moshav nord for Kiryat Gat sør i det sentrale Israel. Han er eit medlem av Yoav regionale kommune.
Moshav Sgula vart grunnlagd i 1953 av innfødde israelarar. Namnet kan vere basert på eit vers i Andre mosebok(19:5) der ordet segula er nytta i tydinga «kosteleg»: «Dersom de lyder mi røyst og held mi pakt, skal de vera min kostelege eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi.»
Han vart grunnlagd på land som høyrte til den palestinske landsbyen Summeil, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948.[1]
Kjelder