Severia (russisk Северщина, Seversjtsjina; ukrainsk Сіверія eller Сіверщина, Siveria eller Siversjtsjyna, polskSiewierszczyzna) er ein historisk region nord i Ukraina og sørvest i Russland, rundt byen Novkhorod-Siverskyj (tidlegare Novgorod-Severskij), på grensa mellom Russland og Ukraina.
Severianar
Regionen har fått namn etter severianar, eit austslavisk folk som busette område nærare år 1000. Dei viktigaste busetnadane deira er mellom det som i dag er byane Novkhorod-Siverskyj, Tsjernikhiv (Tsjernigov), Putyvl (Putivl), Khlukhiv (Glukhov), Liubetsj, Kursk, Rylsk, Sevsk og Brjansk.
Severianane støtta khazarane og aust-polanane og vart erobra av Oleg av Novgorod, som innlemma landområda deira i det nye fyrstedømet Kievriket. Under Jaroslav den vise (1019–1054) hadde severiane mista mykje av særpreget sitt og områda i Severia langs den øvre delen av elva Desna kom under Tsjernikhiv sin kontroll.
På 1700-talet oppretta hetmanar av Ukraina bustader i byane Baturyn, Khlukhiv og Potsjep. Sørleg Khlukhiv utvikla seg til eit ein sann hovudstad i Ukraina på 1700-talet.
Etter Oktoberrevolusjonen vart Severia, med mykje ukrainsk arkitektur og folk, delt mellom dei sovjetiske republikkane Ukrainsk SSR og Russisk SFSR og området vart dermed delt i to.