La Serra del Montsec er ei fjellkjede i Spania. Fjella består av kalkstein og er om lag 40 km lang. Dei ligg delt mellom provinsen Lleida i Catalonia og provinsen Huesca i Aragon.
Geografi
Montsecfjella går frå aust til vest og er delt inn i tre massiv av dei viktigaste elvane i Catalonia. Aust for det austlege massivet El Montsec de Rúbies går elva Segre med Noguera Pallaresa i midten. I vest går Noguera Ribagorçana som deler det sentrale massivet El Montsec d'Ares frå det vestlege El Montsec d'Estall i Aragón. Det høgaste fjellet er Santalís og ligg i det sentrale massivet med ei høgd på 1678 moh.
Sørsida er i hovudsak ein bratt vegg, medan nordsida er langt frå like bratt.