Segre er ei sideelv til Ebro med nedslagsfelt som dekkjer delar av Frankrike, Andorra og Spania.
Segre, som dei gamle romarane og grekarane kalla Sicoris, spring ut på nordsida av Puigmal de Segre i det franske departementet Pyrénées-Orientales i dei katalanske Pyreneane.[1] Ho renn så vestover til Cerdanyadalen (Cerdagne) og gjennom byen Saillagouse, den spanske eksklaven Llívia og Bourg-Madame.
Ho renn inn i Spania ved Puigcerdà og held fram vestover til La Seu d'Urgell, der ho møter Valira frå Andorra. Frå her snur ho sørvestover gjennom lågberga ved Pyrenane (med fleire dammar) og dei vestlege slettene i Catalonia. Ho renn gjennom Balaguer, Lleida og munnar ut i Ebro ved Mequinenza.
Av sideelvar finn ein Valira (frå Andorra), Noguera Pallaresa, Noguera Ribagorçana og Cinca.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Segre
Kjelder