Han har kring 130 000 innbyggjarar og er provinshovudstad i provinsen Lleida. Han er den sjuande største byen i Catalonia.[1] Byen er òg av dei eldste i Catalonia og var ein busetnad for eit iberisk folkeslag. Her ligg òg det eldste universitetet som vart oppretta i Krona Aragón i mellomalderen. Det vart grunnlagd i 1297 og er det tredje eldste i landet.
Økonomien er hovudsakleg basert på handel og tenester, samt ein større jordbruksindustri. Lleida er den største byen som ligg i indre område av Catalonia.
Under romarane vart byen ein del av den romerske provinsen Hispania Tarraconensis og var ein viktig stad, både historisk og geografisk. Han låg på ei høgd på høgresida (eller vestsida) av elva Sicoris (dagens Segre), den største sideelva til Ebro og eit lite stykke oppfor samløpet med Cinga (dagens Cinca). Byen styrste dermed landområdet mellom desse elvane, samt den viktige vegen frå Tarraco (dagens Tarragona), som var provinshovudstaden, og områda nordvest i Spania.[2]
Byen vart hovudsete til Pompeius i Spania under borgarkrigen til Cæsar (49 fvt.). Byen vart omleira av Cæsar sjølv (slaget ved Ilerda) og Cæsar tok byen. Under Romarriket blømde Ilerda og vart ein municipium. Innbyggjarane fekk prege sine eigne myntar. Det gjekk fine bruer over Sicoris, men under Ausonius hadde byen forfalle. Han vart igjen viktig att i mellomalderen.
Lleida var ein viktig by i forsvaret av Barcelona under den spanske borgarkrigen og fall til opprørarane, som utførte kraftige luftåtak på byen i 1937 og 1938. Den 2. november 1937 gjekk Legion Kondor til åtak på Lleida og vart berykta fordi dei retta måla sine mot ein skule. 48 born og fleire lærarar døydde.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lleida