Serekunda er den største byen i Gambia.[1] Han ligg 13 km vest for hovudstaden Banjul,[2] tett på atlanterhavskysten. I 2007 hadde byen eit innbyggartal på cirka 348 118.[3]
Byen er kjend for marknadene sine, silkebomullstre, Black Cow-djembetrommer og ein brytearena. Nærliggande byar er Kanifing, Latrikunda, Sukuta og London Corner.
Serekunda ligg i hovudstadsområdet Greater Banjul Area (Banjul Division) i distriktet Kanifing.
Byen blei grunnlagd på 1600-talet i den portugisiske kolonitida, og blei utbygd på 1700- og 1800-talet av britane.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff