Banjul er hovudstaden i Gambia og ligg på øya St. Mary's Island der Gambiaelva renn ut i Atlanterhavet. Byen er ein av dei minste hovudstadene i Afrika, og blir ofte kalla ein diger landsby. I 2014 hadde han eit estimert folketal på 489 000.[1] Den største byen og det økonomiske senteret i landet er Serekunda.
St. Mary's Island ligg mindre enn 1 meter over havet. Delar av byen er dermed utsette for flaum og havstiging.[2]
Historie
Britane grunnla byen i 1816 som ein handelsstasjon og eit utgangspunkt for å nedkjempa slavehandelen.[3] Dei gav han namnet «Bathurst» etter Henry Bathurst, som var britisk minister for koloniane. Namnet blei endra til Banjul i 1973.[3]
Byen har samband med det indre av landet og med Senegal via ei ferje som kryssar Gambiaelva til Barra, og av motorvegen Banjul-Serekunda Highway. Det går også ferje til Basse Santa Su opp Gambiaelva.[3]
Monument
Arch 22, Tjuetobogen, er porten til Banjul og bygd til minne om militærkuppet som skjedde den 22. juli1994. Den boga porten er 35 meter høg og står midt på ein open plass som òg er ein del av monumentet.