Scillyøyane, i norrøne soger Syllingane (engelsk Isles of Scilly, korniskYnysek Syllan), er ei øygruppe utanfor sørvestenden av Cornwall i Storbritannia. Tradisjonelt har dei vore ein del av grevskapet Cornwall, men øyane har sidan 1890 vore ei sameint styresmakt.
Isles of Scilly er ei øygruppe med fem busette øya rog mange mindre øyar (rundt 140 totalt) som ligg 45 km frå Land's End. Dei består av granitt frå seint i karbontida. Dei største øyane er:
Det milde klimaet her gjer at dei lokale bøndene gror mykje blomar, mellom anna påskeliljer. Om vinteren vert øyane stundom råka av kraftig vind frå Atlanteren. Dette kan ein sjå igjen i landskapet, som hovudsakleg består av nakne berg og lyngheie ut mot havet.
Historie
Øyane har vore busett sidan steinalderen. Innbyggjarar har alltid levd av det dei kunne dyrke og fiske. Sjølv om jordbruk og fiske framleis er viktig i dag, er turisme no den største inntektskjelda.
På 1800-talet hadde øyane si stordomstid. Strendene som i dag vert vitja av turistar vart då nytta til skipsbygging, og hamnene var fulle av fiskebåtar og handelsskip.
Ein gammal tradisjon som vert halde i hevd er kapproing mellom dei fem øyane med raske båtar – «gigs», med 6 eller 7 mann om bord. Det vert sagt at tradisjonen stammer frå kappløpa om å komme først fram til skipsvrak for å redde lasten.