Tresco (kornisk Ynys Skaw) er den nest største av Scillyøyane i Cornwall i England. Ho er 2,97 km² stor og har 180 innbyggjarar (2001). Øya er om lag 3,5 km lang og 1,75 km brei.
Øya vart tidlegare kalla Trescaw[1] og vart skildra som 'St. Nicholas' av ein abbed i 1193.
Sidan 2001 har det vorte halde eit maratonløp på øya, der ein spring 7,5 gongar rundt øya.[2].
Dei fleste innbyggjarane bur i landsbyane New Grimsby og Old Grimsby midt på øya. Her finn ein butikk, postkontor, eit kunstgalleri, ein pub og eit hotell. Sør på øya ligg den subtropiske Tresco Abbey Gardens og Tresco Heliport.
Bakgrunnsstoff
Kjelder