Land's End er eit kjent landemerke i Storbritannia og vert i lag med John o' Goats i Skottland (det mest nordaustlege punktet på det britiske fastlandet) ofte omtalt i kappløp, turar og veldedige hendingar. Uttrykket Land's End to John o' Groats (Frå Land's End til John o' Goats) vert nytta både som ei bokstavleg reise og som ein metafor for lange reiser, på liknande måte som «frå Lindesnes til Nordkapp» i Noreg.
I 1987 kjøpte Peter de Savary Land’s End.[1]. Han reiste to nye bygningar og det meste av den noverande temaparken. Han selde både Land's End og John o' Groats til føretaksmannen Graham Ferguson Lacey i 1991.[2] Sidan 1996 er Land’s End eigd av Heritage Attractions Limited.