Salmøya er nesten heilt dekt av is bortsett frå eit nes på sørkysten. Ho er 17 km på det lengste og eit areal på 344 km². Det høgaste punktet er 343 meter over havet.
Salmøya vart namngjeve av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen etter aristokratfamilien Salm-Hoogstraeten som grev Karl Aleksander, ein av dei største økonomiske støttespelarane til ekspedisjonen. Salm-Hoogstraeten-familien må ikkje forvekslast med Hochstetter-familien.
Øya er omgjeve av fleire mindre øyar.
Nærliggande øyar
Ostrova Bisernyje er to småøyar som ligg like sør for Salmøya.
Eit par kilometer mot nordaust ligg Hochstetterøyane (Острова Гохштеттера eller Острова Хохштеттера). Her ligg den 6,5 km lange og 4 km breie Hochstetterøyane (òg kalla Gogstettera Juzjnyj) og to mindre øyar Gogstettera Srednij og Ostrov Albatros. Hochstetterøyane er kalla opp etter den tyske fyrstefamilien Hochstetter i Austerrike-Ungarn.
Nord for Salmøya ligg den 3,7 km lange Koldeweyøya, (Остров Кольдевея), kalla opp etter kaptein Karl Koldewey på skipet «Hansa». Koldewey var leiare for Germania-ekspedisjonen, den andre tyske ekspedisjonen til Arktis i 1869-1870. Det høgaste punktet på øya er 66 meter over havet.
Nord for Koldeweyøya ligg den vesle Schönauøya (Остров Шёнау). Ho er kalla opp etter Teplitz-Schönau, (i dag Teplice i Tsjekkia), fødestaden til den austerriksk-ungarske keisaren Frans Josef I.
Sørvest for Salmøya ligg den 10 km lange Wilczekøya, (Остров Вильчека) (som ikkje må forvekslast med Wilczek land i same øygruppe). Mellom dei to øyane ligg eit 3 km smalt sund. Ho er kalla opp etter den austerriksk-ungarske adelsmannen Johann Nepomuk Graf Wilczek.
4 km søraust for Salmøya ligg den vesle og runde Litkeøya, (Остров Литке). Ho har eit areal på 14 km² og vart kalla opp etter den russiske greven Fjodor Petrovitsj Litke.