Sadr by (arabisk مدينة الصدر) Madinat aṣ-Ṣadr), tidlegare kalla Al-Thawra (arabisk الثورة) og Saddam City, er ein forstad til byen Bagdad i Irak. Han vart bygd i 1959 av statsministeren Abdul Karim Qassim og seinare uoffisielt kalla Sadr etter ayatollah Mohammad Mohammad Sadeq al-Sadr.
Sadr by (eller meir korrekt Thawra-distriktet — (arabisk حيّ الثورة) - ħayy ath-Thawra) er eit av ni administrative distrikt i Bagdad. Det var eit offentleg, større bustadprosjekt som vart neglisjert av Saddam Hussein og har i dag kring éin million innbyggjarar.[1]
Kjelder