Karkh eller Al-Karkh (arabisk الكرخ) er eit historisk namn på den vestlege halvdelen av Bagdad i Irak, men vart òg nytta på vestbreidda av Tigris i Bagdad. Austsida vert kalla Al-Rasafa.[1] Namnet kjem frå gammalsyrisk (ܟܪܟܐ) Karkha; citadell.
I meir avgrensa form er Karkh ein av dei administrative distikta i Bagdad, med Mansour-distriktet i vest, Kadhimiya i nordvest og Tigris i nord, aust og sør. Den grøne sona (internasjonale sona) ligg i dette distriktet.
Kjelder