Råde kyrkje er ei langkyrkje frå slutten av 1100-talet i Råde kommune i Østfold. (800-årsjubileum vart feira i 1985.)
Kyrkja brann mot slutten av 1500-talet, og på 1700-talet fekk ho det tilbygget på nordsida av koret som opphavleg var gravkapell for familien Lützow, men som no er sakristi. Kyrkja fekk si noverande framtoning etter ei restaurering ved Arnstein Arneberg i 1957–60 og vart òg gjenomgripande restaurert i 2010–12.