Russland er delt inn i sju føderale distrikt (russisk федеральные округа, federalnyje okruga). Dei vart oppretta ved dekret av president Vladimir Putin den 13. mai 2000, og står over føderasjonssubjekta. Kvart distrikt vert leia av ein representant for presidenten som vert utnemnd av den russiske føderasjonen sin president. Representanten for presidenten har til oppgåve å passa på at dei føderale subjekta overheld den russiske grunnlova. Opprettinga av dei føderale distrikta vart sett som eit tiltak for å sentralisera den russiske staten.