Russell East-breen er ein isbre, 6 nautiske mil (11 km) lang og 3 nautiske mil (6 km) brei, som ligg ved nordenden av Detroit Plateau og flyt frå Mount Canicula austover ut i Prince Gustav Channel på sørsida av Trinityhalvøya. Denne isbreen flyt i lag med Russell West-breen vestover og ut i Bone Bay på nordsida av Trinityhalvøya, og dannar ein kanalbre på norddelen av Den antarktiske halvøya. Han vart først kartlagt i 1946 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter V.I. Russell, som var landmålar and leiaren for FIDS-baseen ved Hope Bay i 1946.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Russel East Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).