Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Rune Timberlid

Rune Timberlid

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. januar 1950 (75 år)
Sogndalsfjøra Sjå dette på Wikidata
Yrke skribent, journalist, biograf

Rune Timberlid (fødd 31. januar 1950 i Sogndal) er ein norsk forfattar, tidlegare informasjonssjef, journalist og avisredaktør. Han er no busett i Sogndal.

Han er utdanna journalist frå Norsk Journalisthøgskole i 1975, og arbeidde i ei rekkje redaksjonar – Sogn Dagblad, Bergens Tidende, Norsk Telegrambyrå, Fredriksstad Blad, Dagbladet og Aftenposten – før han var redaktør i avisa Firda frå 1990 til 1995. Frå 2001 har han jobba som kommunikasjonsmedarbeidar i Lotteri- og stiftelsestilsynet, med eit avbrot som redaktør i Sogn Avis frå 2004 til 2005.

Rune Timberlid har skrive ni kriminalromanar. Han debuterte med Spritdrapet i 1991 under pseudonymet Roger Fjorden på eige forlag. Tolv år etter debuten kom Red Mercury, som er den første boka med politibetjenten Rolf Randen i hovudrolla, ut. Alle kriminalromanane hans har handlinga lagd til Sogn og Fjordane,

Bibliografi

Bøker

  • 2019 – Superlag frå Sogndal : bygdelaget som vart toppklubb i fotball (Førde: Selja forlag). ISBN 9788282401562
  • 2021 – Jakta på Siskin : Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn (Førde: Selja forlag). ISBN 9788282401708
  • 2024 – Slaget ved Fimreite : på sporet av fjordens løyndomar (Leikanger: Skald). ISBN 9788279593621

I bøker - eit utval

  • 2011 – To levende og to døde : hva skjedde med "Brenning"? (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-039-8  [Av innhaldet: Brenning-saka anno 2011 : saka der sanninga ikkje kjem for ein dag? / Rune Timberlid]
  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Fjorden i mitt hjarte / Rune Timberlid]
  • 2017 – Havet tok : 13 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane (Førde: Selja Forlag). ISBN 978-82-8240-125-8  [Red. av: Magnus Helge Torvanger. Denne boka er ei ny og sterkt utvida utgåve av Malvin Toft: Havet tok – 78 forlis og skipsulukker frå 2003]

I tidsskrift - eit utval

Kjelder

Kembali kehalaman sebelumnya