Rodez (oksitansk: Rodés) er ein by og kommune sør i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Aveyron i regionen Midi-Pyrénées og har om lag 28 000 innbyggjarar.
Rodez var den historiske hovudstaden i Rouergue. Rodez har vore ein by med biskop sidan 300-talet, og har ei imponerande 80 meter høg domkyrkje.
Rodez har tradisjonelt vore og er eit senter for jordbrukshandel.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Rodez