Riffa (arabisk الرفاع, Ar-Rifāʿ) er den nest største byen i kongedømet Bahrain.[2] Riffa er delt i to delar, Aust-Riffa og Vest-Riffa. Byen lig hovudsakleg i Sentralguvernementet, medan mindre område lig i Sørguvernementet. Dei fleste av innbyggjarane i byen er sunnimuslimar.
Byen veks raskt. I folketeljinga i 2001 hadde byen 79 550 innbyggjarar og i 2008 vart folketalet estimert til 111 000.[3]
Aust-Riffa
Aust-Riffa har mange attraksjonar, som Riffa Fort. Byen har fleire kjøpesenter og to store handlegater; Souk Ar Rifa og Bukuwara.
Vest-Riffa
Vest-Riffa er hovudsakleg eit bustadområde. Det meste av den regjerande familien, ministrar og forretningsfolk bur der. Kong Hamad Bin Isa Al Khalifa av Bahrain bur der, og det same gjer statsministeren, sjeik Khalifa Bin Salman Al Khalifa. Det kjende klokketårnet i Riffa står midt i Vest-Riffa.
Kjelder
Bakgrunnsstoff