Guvernement i Bahrain

Det er fire guvernement i Bahrain. Desse er Hovudstadsguvernementet, Nordguvernementet, Sørguvernementet og Muharraq. Det var tidlegare fem guvernement fram til september 2014, då Sentralguvernementet vart avskaffa. [1]

Historie

Den første kommunen i Bahrain var Manama kommune som vart grunnlagd i juli 1919.[2] Kommunestyret vart valt kvart år og bestod av åtte medlemmar. Kommunen skal ha vore den første som vart grunnlagd i Den arabiske verda.[2] Kommunen hadde ansvar for å rydde vegar og leige ut bygningar til leigebuarar og butikkar. I 1929 byrja kommunen òg med vegbygging og opna marknader og slakteri.[2] I 1958 byrja kommunen vassreinsingsprosjekt.[2] I 1960 hadde Bahrain fire kommunar: Manama, Hidd, Al Muharraq og Riffa.[3] I løpet av dei neste 30 åra vart dei fire kommunane delte inn i tolv kommunar etter kvart som busetnader som Hamad by og Isa by voks.[3] Desse kommunane vart administrerte frå Manama under eit sentralt kommunestyre, der kongen peikte ut medlemmane.[4] Fram til 22. september 2014 var Bahrain delt inn i fem guvernement. Desse var:

Kart Guvernement Folketal (2014) Areal (km²)
Gul Hovudstadguvernementet 497 000 38
Gull Muharraq guvernement 202 000 56
LyseblĂĄtt Nordguvernementet 305 000 141
Rosa Sørguvernementet 155 000 438

Dei første kommunevala i Bahrain etter sjøvlstendet i 1971 var i 2002.[5] Det siste var i 2014.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  1. ↑ The Gulf Daily News[daud lenkje]
  2. ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «History of Municipalities». Ministry of Municipalities Affairs and Urban Planning – kongedømet Bahrain. Arkivert frĂĄ originalen 13. desember 2012. Henta 2. april 2017. 
  3. ↑ 3,0 3,1 «guvernement i Bahrain». Statoids. Henta 2. april 2017. 
  4. ↑ «Bahrain Government». Permanent Mission of the kongedømet Bahrain to the Dei sameinte nasjonane. Henta 2. april 2017. 
  5. ↑ «Three Polls, Three Different Approaches». The Estimate. 17. mai 2002. Arkivert frå originalen 20. juni 2017. Henta 2. april 2017.