Reidar Winge Lund (17. januar 1908–4. oktober 1978) var ein norsk arkitekt frå Skoger i Drammen.
Lund tok arkitekteksamen ved NTH i Trondheim i 1932. Han og Arne Pedersen dreiv sidan eige arkitektfirma i Oslo. Lund fekk i 1949 Sundts premie for Villa Storstein i Oslo, og i 1961 Houens fonds diplom for A/S Borregaard sine anlegg i Sarpsborg. Elles forma han ut det norske studenthuset i Paris.
Kjelder