Red Rain
«Red Rain» er opningssporet på So av Peter Gabriel frå 1986. I USA nådde songen tredjeplassen på Billboard si Mainstream Rock-liste. Stewart Copeland frå The Police spelte hi-hat for den regnliknande bakgrunnslyden, medan Jerry Marotta spelte trommer på resten. Gabriel hadde fleire inspirasjonskjelder då han skreiv songen. Teksten kjem frå ein tilbakevendande draum Gabriel hadde om at han symde i eit basseng fylt med raudvin. I ein annan versjon av draumen fall flasker forma som menneske utfor eit stup, og då dei trefte bakken knuste dei og ei raud væske kom til syne, og det byrja å regne raudt. Tidlegare i solokarrieren sin hadde Gabriel ein ide for ein film kalla Mozo. I filmen skulle landsbybuarane straffast for syndene sine med blodregn. «Red Rain» skulle vere temasongen. Ideen vart etter kvart skrinlagd, men Mozo er nemnd i songen «On the Air» frå Peter Gabriel (II). «Down the Dolce Vita», «Here Comes the Flood», «Exposure» og «Big Blue Ball» refererer òg til soga i Mozo. Utgjevingar
Innhald
Gaga er instrumentalsporet av songen I Go Swimming som berre finst på plata «Plays Live». Sporliste (Amerikansk 12" singel (20749-0))
I populærkulturen
Medverkande
Andre versjonar
Kjelder
|