Ray Clemence
Raymond Neal Clemence (5. august 1948–15. november 2020) var ein engelsk fotballspelar frå Skegness. Han var med om å vinne den engelske ligaen fem gongar og europacupen tre gongar som Liverpool-spelar, og både den europeiske UEFA-cupen og den engelske FA-cupen med Liverpool FC så vel som med Tottenham Hotspur. Clemence var Englands landslags-målvakt i 61 kampar. KarriereKlubbspelClemence fekk sin ligadebut med tredjedivisjons-laget Scunthorpe United vårsesongen 1966. Sommaren 1967 vart han overført til Liverpool FC mot 18 000 pund. Dei tre fyrste sesongane fekk han lite speletid. Frå sesongstart i august 1970 hadde han burt på målvaktsplassen i 11 sesongar. Med Liverpool vann han i 1973 ligaen og UEFA-cupen, i 1974 FA-cupen og i 1976 på ny ligaen og UEFA-cupen. Våren 1977 tok han og Liverpool ligapokalen og for fyrste gong sigeren i den store europacupen. Året etter forsvarte Liverpool meistertittelen i europacupen, der etter vann laget ligaen i 1979 og 1980, før Clemence i 1981 var med på den tredje triumfen i europacupen for serievinnarar. Sommaren 1981 skifta Clemence arbeidsgjevar. Han kosta Tottenham 300 000 pund og var der med om å vinne FA-cupen 1982, etter siger over Queens Park Rangers i finalen. To år seinare tok Tottenham seg til finalespel mot belgiske Anderlecht i UEFA-cupen, eit suksessfullt oppgjer Clemence ikkje tok del i, grunna skade. Ein akhilles-skade han fekk i ein fotballkamp i oktober 1987 gjorde at han la opp ved sesongslutt. LandslagsspelClemence vakta det engelske målburet i 61 landskampar frå november 1972 til november 1983. Under EM i fotball 1980 spelte han fyrste og siste kampen til England, Peter Shilton den mellomste. Den 9. september 1981 måtte Clemence og landslags-lagkameratane reise heim med tap frå Oslo, ettersom Noreg sigra med 2-1 i VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion. Under Fotball-VM 1982 i Spania sleit Clemence reservebenken. Merittar
Kjelder
|