Bortsett frå påverknaden frå vokalstilane og talenta til Plant og Krauss, har produsenten på albumet, T-Bone Burnett fått mykje av æra for den grunnleggande musikalske stilen på albumet.
Mottaking
Albumet vart møtt mykje ros frå kritikarane og har ein middelscore på 87 frå innsamla meldingar på Metacritic.[1] Albumet vart av Rolling Stone kåra til det 24. beste i 2007.[2]
«Gone, Gone, Gone (Done Moved On)» vart gjeven ut på singel og vann Grammy Award for beste popsamarbeid med vokal. Songen «Killing the Blues» vart plassert på 51. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste songane i 2007.[4]
I 2009 vann albumet alle dei fem prisane det var nominert til på Grammy Award: Årets album, beste kontemporære folk/americana-album, årets singel («Please Read the Letter»), beste popsamarbeid med vokal (for «Rich Woman») og beste countrysamarbeid med vokal (for «Killing the Blues»).[5][6]
Albumet vart òg nominert for Mercury Prize i 2008 i Storbritannia.
I desember 2009 rangerte musikkmagasinet Rhapsody albumet på andreplass på lista deira over dei beste countryalbuma på 2000-talet.[7]
Albumlister
Albumet selde over 100 000 eksemplar i USA den første veka og debuterte på andreplass, den høgaste plasseringa for begge soloartistane (Plant hadde derimot oppnådd førsteplassar med Led Zeppelin fleire gonger).[8]Raising Sand selde til platinaplate i mars 2008.[9][10]
Albumet nådde òg andreplassen i Storbritannia i januar 2008 og i Noreg gjekk albumet heilt til topps på VG-lista.