Røgden
Røgden (svensk Röjden, skogfinsk Röuvanjärvi[1]) er ein innsjø på grensa mellom Noreg og Sverige. Den norske delen ligg i Grue kommune i Hedmark i Innlandet. Innsjøen har eit samla areal på 15,97 km², der 14,88 km² av dette ligg i Noreg.
Røgden var sentrum for finneinnvandringa på 1600-talet og rundt Røgden finst det spor etter gamle finneplassar. Det finst nokre få gardsbruk rundt Røgden. Størsteparten av vassforsyninga kjem frå Løvhaugsåa som kjem frå Rotbergsjøen (331 moh). Han får igjen størsteparten av vatnet sitt frå Fallsjøen (370 moh). Utløpet ligg i Sverige, der det er bygd eit kraftannlegg, I periodar ver tsjøen tappa så kraftig at vasstanden søkk med fleire meter til kommunen og hytteeigarane sin irritasjon. Rotbergsjøen blir òg kalla Mellom Røgden og Fallsjøen blir omtala som Nordre Røgden.
Det vert teke stor åbor i Røgden. Det vert òg teke stor mort, og han vert lokalt kalla næversko mort. Det vert òg teke litt aure i vassdraget. Langs sør- og vestsida av Røgden ligg det hytter, nokre ligg idyllisk til på holmar ute i sjøen.
I sjøen er det òg to holmar, begge kalla Kjerringholmane, og her ligg det eldre gravplassar frå finneinnvandringa i Grue Finnskog tidleg på
1600-talet. Holmane ligg i vest- og austenden på sjøen. Det finske namnet på Kjerringholmene er Akkasauri.
Kjelder
| Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2024 |