Rotbergsjøen, òg kalla Mellom Røgden, er ein innsjø som ligg i Grue kommune i Innlandet.
Det finst fleire gode badestrender rundt Rotbergsjøen. Rundt sjøen har det tidlegare vore finnetorp. Det er gjort fleire steinalderfunn rundt sjøen som består av såkalla beinknusarar, flint, kvartsreiskapar og andre pil- og spydrestar.
Hovudinnløpet er Rotbergsåa og kjem frå Fallsjøen i nord. Utløpet er Løvhaugsåa som renn sørover og inn i Røgden.