Quiet Riot
Quiet Riot er eit amerikansk heavy metal-band. Bandet blei grunnlagt i 1973 av gitarist Randy Rhoads og bassist Kelly Garni. Bandet klarte ikkje å få platekontrakt i vesten på syttitalet, men gav ut to albuma Quiet Riot og Quiet Riot II i Japan. Det store gjennombrotet kom i 1983. Bandet, no beståande av vokalist Kevin duBrow, gitarist Carlos Cavazon, bassist Rudy Sarzo og trommeslager Frankie Banali, gav då ut albumet Metal Health. Dette var det fyrste frå heavy metal-genren som gjekk til topps på den amerikanske Billboard-lista. Hovudsingelen, Cum on Feel the Noize (ein cover av Slade), nådde #5 på topp 100-lista for singlar, noko som på den tid var uhøyrt for eit heavy metal-band. Året etter gav dei ut albumet Condition Critical, som langt i frå gjorde det like bra. Albumet blei kritisert for å vera for likt forgjengaren (dei hadde med ein annan Slade-cover her, Mama Weer all Crazee Now). Vokalist Kevin duBrow viste seg også å vera ein av bransjens mest storkjefta frontfigurar, og hadde i tida mellom albuma klart å framandgjere det meste av bransjen som skulle støtte opp om albumet. Bandet fortsette vidare med varierande besetning, men klarte aldri å oppnå same momentum. Etter at vokalisten Kevin duBrow døydde i november 2007, er det lite sannsynleg at namnet vil bli nytta meir. DiskografiStudioalbum
Samlealbum
Singlar
Video
Musikkvideoar
Bakgrunnsstoff
|