Provinsen Istanbul (tyrkiskİstanbul ili) er ein provins nordvest i Tyrkia. Han dekkjer eit areal på 5 343 km² og har kring 13,3 millionar innbyggjarar. Han grensar til provinsane Tekirdağ i vest, Kocaeli i aust, Svartehavet i nord og Marmarahavet i sør. Bosporossundet deler provinsen i to delar, ei side i Europa og ei side i Asia, om lag 3,85 millionar av innbyggjarane bur på den asiatiske sida, medan 9,4 millionar innbyggjarar bur på den europeiske sida.[1]
Hovudstaden i provinsen er byen Istanbul, som sidan 2004 har hatt same grenser som provinsen.[2]
↑«Büyükşehir Belediyesi Kanunu». Türkiye Büyük Millet Meclisi (på tyrkisk). 10 July 2004. Henta 19. august 2012. «Bu Kanunun yürürlüğe girdiği tarihte; büyükşehir belediye sınırları, İstanbul ve Kocaeli ilinde, il mülkî sınırıdır.»