Pro-drop-språkPro-drop-språk viser til språk som ikkje treng ha subjekt i setninga, som t.d. finsk (minä) tulen kohta «(eg) kjem snart». Her er subjektspronomenet ikkje naudsynt, verbendinga -n fortel likevel at det er første person eintal. Omgrepet pro-drop-språk oppstod innanfor styrings- og bindingsteorien på 1980-talet, sjølv om andre grammatikkteoriar hadde vore klår over fenomenet tidlegare. Samsvaret mellom verbbøying og pro-drop er berre ein tendens, og ikkje ein regel: Det finst språk der verba uttrykkje person, som ikkje har pro-drop (t.d. tysk), og språk utan personmarkering som har prodrop (t.d. kinesisk). Det er mogleg å skilje mellom to typar pro-drop-språk: Dei som berre kan ha pro-drop i første og andre person (som finsk) og dei som kan ha det i tredje person også (som t.d. italiensk). Litteratur
|