Lista viser regjeringstida, partiet og visepresidentane til presidentane. Fargane symboliserer partiet dei høyrde til. Nummereringa viser kva for eit nummer i rekkja dei var som presidentar, og vert ikkje gjort forskjell på om dei sat ein eller to periodar. Unnataket er Grover Cleveland, som sat i to periodar, men ikkje på rad. Han blir difor rekna som USA sin 22. og 24. president.
Fram til det 20. grunnlovstillegget vart vedteke 23. januar1933 gjekk den nye presidenten inn i stillinga 4. mars. Etter dette tillegget vart datoen sett til 20. januar, og den første presidenten som vart teken i eid på denne datoen var Franklin D. Roosevelt då han byrja sin andre termin som president i 1937.