I mange år hadde songaren og hovudlåtskrivaren i bandet, Peter Hammill, avvist ideen om ei sameining av bandet, men i 2004, etter at bandet hadde spelt saman på to av solokonsertane til Hammill, byrja arbeidet på eit offisielt, nytt album. Present vart resultatet. Det består av ei plate med songar (pluss ein instrumental, «Boleas Panic»), og ei plate med studioimprovisasjonar. Bandet hadde alltid improvisert i studio gjennom historia si, men aldri før gjeve desse ut (utanom piratkopiplata Time Vaults).
I 2005 la bandet ut på ein suksessrik turné. Berre to songar frå Present vart spelte på turneen: «Every Bloody Emperor» and «Nutter Alert».