Talemålet i Poschiavo er italiensk, kommunen grensar elles til Italia både i vest og i aust. Høgste fjelltoppen i kommunen, Piz Palü i Berninafjella, ligg heilt nordaust i Poschiavo.
Kommunen ligg i Poschiavo kreis i Val Poschiavo, ein av dei fire dalane i den italiensktalande delen av Graubünden. Dei andre dalane er Val Bregaglia, Mesolcina og Calanca. Han består av landsbyen Poschiavo og fleire grender.