Piz Palü er eit fjell i Berninafjella i Sveits og Italia med ei høgd på 3 901 meter over havet. Det er tre toppar på hovudryggen av fjellet, som går frå aust til vest. Namnet Palü kjem frå det latinske palus, som tyder sump og fjellet er truleg kalla opp etter Alpe Palü, ei høgtliggande eng om lag 4 km mot aust.
Fjell
Ein er usikker på når fjellet først vart klatra, men første gong den høgaste toppen vart nådd var truleg i 1866 av K.E. Digby med guiden Peter Jenny.
Den austlegaste toppen (3 882 moh.) vart klatra av Oswald Heer, og P. og M. Flury, med guidane Johann Madutz og Gian Marchet Colani («Kongen av Bernina») den 12. august1835. Alle tre toppane vart først kryssa av Wachler, Wallner, George, Hans Gross og Christian Gross den 22. juli 1868.
Fjellet har vorte noko kjend gjennom filmen Die weiße Hölle vom Piz Palü ('Det kvite helvete på Piz Palü', 1929), som var regissert av Arnold Fanck og Georg Wilhelm Pabst med ein ung Leni Riefenstahl i hovudrolla.