Leni Riefenstahl (22. august 1902–8. september 2003) var ein tysk filmregissør og fotograf. Ho var nyskapande innan sjangrane, og utvikla fleire av dagens standarteknikkar innan filming. Riefenstahl er best kjend for å ha laga propagandafilmar for Nazi-Tyskland, særleg filmen Olympia, laga til Sommar-OL 1936.
Helene Bertha Amalie Riefenstahl var fødd i Berlin og voks opp i bydelen Wedding. Ho starta karrieren som dansar, men ein kneskade gjorde at ho måtte gje seg. Interessa for filmmediet førte først til skodespelarrollar i fleire stumfilmar før ho tok til som regissør.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Diesen, Jan Anders & Emilsen, Ann-Sofi S. Leni Riefenstahl. I Store norske leksikon.