Distriktet Bernina (italiensk; distretto di Bernina) er eit distrikt i den sveitsiske kantonen Graubünden. Distriktet ligg langt i søraust i Sveits og er omkransa av Italia på tre kantar. Distriktet dekker eit areal på 237 km² og hadde 4 629 innbyggjarar i 2010. Italiensk er offisielt språk i distriktet.
Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Distriktet Bernina består av to krinsar (italiensk circolo) som samstundes er kommunar (italiensk comune). Dei to krinsane/kommunane er Brusio i sør og Poschiavo i nord.
Kjelder